Hopp til hovedinnholdorganic-down
Kronikkurs for studentar ved UiS
NB: Dette eventet er ikke i regi av SiS

Kronikkurs for studentar ved UiS

Lær korleis du kan skriva kronikk og få han på trykk.

Dette er kurset for deg som vil delta i samfunnsdebatten eller få meir merksemd kring forskinga di.

Bibliotekets arrangementsutviklar og tidlegare debattjournalist i avisa Vårt Land, David Sviland, deler sine beste tips og gjev tilbakemelding på din kronikkidé.

Kor: Kjølv Egelands hus, KE A-253 (kart)

Kurset er todelt. Dei første 45 minutta får du eit foredrag, medan den siste halvtimen tar vi ein runde på kva kvar enkelt deltakar kan tenke seg å skrive kronikk om. Førebu deg difor på å ein kortfatta pitch.

Dette lærer du:

Kva redaksjonane ser etter i ein kronikk
Korleis du finn den gode vinklinga
Korleis du brukar fakta, språk og stil til å styrkje bodskapen
Kva skjer når kronikken er ute i verda
Førebuingar: Ta med din kronikkidé. Anna utstyr trengs ikkje.

Krev påmelding: Maks 10 personar. Meld deg på her.

Onsdag 23. september 2026 · 14:15–15:30Universitetsbiblioteket, Ullandhaug
Norsk og engelskMaks 200 deltakere
Gratis arrangementPris ikke oppgitt