Hopp til hovedinnholdorganic-down
Når forskaren tek stilling
NB: Dette eventet er ikke i regi av SiS

Når forskaren tek stilling

Har forskarar ei særleg plikt til å delta i debattar og ta tydeleg standpunkt? Kan vi stole på forskarar som ikkje berre dokumenterer, men òg demonstrerer? Velkommen til debatt om tillit til forsking under Forskingsdagane.

Forskarar blir oppmoda til å formidle forsking og delta i samfunnsdebatten. Samstundes blir dei åtvara mot å kombinere forsking med politisk engasjement. Satt på spissen kan ein sjå for seg følgjande dilemma: Skal klimaforskaren berre dokumentere klimaendringane, eller bør hen bli med i demonstrasjonen utanfor Stortinget for å få politikarane til å endre politikken?

Kor grensa går, kjem an på kven du spør. Kritikarane fryktar mellom anna at politisk engasjerte forskarar lar seg freiste til å tilpasse forskinga etter det politiske prosjektet. Forsvararane vil innvende at det å jobbe for samfunnsendring basert på vitskap, er det moralske og rette å gjere.

Mellom dei tydelege ytterpunkta finst det gråsoner og snubletrådar som kan råke alle forskarar. Når blir samfunnsengasjement ein styrke for forskinga, og når kan det svekkje tilliten til ho? Dette spørsmålet står sentralt når vi inviterer til debatt om tillit til forsking under Forskingsdagane i Stavanger-regionen.

Panel:

Per Arne Bjørkum, professor emeritus og tidlegare dekan ved UiS samt forfattar

Andreas Ytterstad, professor ved Institutt for journalistikk og mediefag (OsloMet), forfattar og klimaaktivist

Ola Kvaløy, dekan og professor ved Handelshøgskolen (UiS)

Samtalen vert leia av Anki Gerhardsen, mediekritikar og ansvarleg redaktør for debattarenaen Lytring.

Forskningsdagene partnermerke
Denne debatten er ein del av Forskingsdagane – heile Norges forskingsfestival. I år er tillit eit gjennomgåande tema for festivalen. Arrangementet er støtta av Forskingsrådet.

Tirsdag 22. september 2026 · 11:15–12:15Universitetsbiblioteket, Ullandhaug
NorskMaks 200 deltakere
Gratis arrangementPris ikke oppgitt
Når forskaren tek stilling | SiS