Hopp til hovedinnhold

Nysgjerrig på AI og glad i å le? Då er dette kvelden for deg!

AI kan gjere studietida di mykje enklare. Men er det så lurt å ta den kontroversielle teknologien i bruk?

Til biblioteket kjem Daniel Cau Varming og Jørg Arne Jørgensen for å snakke om nettopp dette.

Varming er studentkoordinator ved Stavanger AI Lab, grunnleggande teknologioptimist og skal ta mastergrad i datateknologi.

Jørgensen er religionsvitar, KÅKÅ-redaktør og gjestekommentator i Aftenbladet, kor han gjerne brukar spaltemetrane på å åtvare mot den nye teknologien. I tillegg har han lang erfaring som lærar i vidaregåande og som lærar- og lektorutdannar ved UiS.

No kjem begge to for å dele motstridande kunnskap med oss. Dei vil også svare på det du måtte lure på om AI i akademisk samanheng.

Me avsluttar kvelden men standup frå Pernille Haaland. Ho gjekk på ein smell i pandemien. Løysinga var å lage humoristiske videoar om sitt eige liv og dele det på Tiktok. No har ho suksess som komikar og opptrer på kredible indiescenar og etablerte humorinstitusjonar i inn- og utland.

I løpet av arrangementet vil Tappetårnet selje leskande forfriskingar frå sin mobile bar, midt i biblioteket.

Håper å sjå deg der!

Arrangementet er gratis.