Hopp til hovedinnhold
SiS

Velkommen til årsfest på UiS med promosjonar, prisar og kake
– gratis og open for alle!

Tradisjonen tru markerer vi dagen då Kongen i statsråd fatta vedtak om at Høgskulen i Stavanger skulle få universitetsstatus.

Møt opp i Tjodhallen og høyr rektor oppsummere høgdepunkt frå det siste året. Jo Røislien er årets festtalar og vil dele av sitt brennande engasjement for god og treffsikker kunnskaps- og forskingsformidling. Vi skal sjølvsagt også feire og hylle store prestasjonar innan forsking, innovasjon, utdannings- og læringsmiljø.

Stavanger studentsangforening og studentar frå Fakultet for utøvande kunstfag opptrer med song og dans.

Etter seremonien blir det servert kake og kaffi i foajeen i Kjølv Egelands hus. Vi håper så mange som mogleg – både studentar, tilsette og venner av UiS – vil vere med å feire universitetet denne dagen!

Vi ber publikum ta plass i salen seinast 12.50.