Hopp til hovedinnhold
TilbakeTilbake
TilbakeTilbake

Foredrag med verdas yngste polfarar

NB: Dette eventet er ikke i regi av SiSNB: Dette eventet er ikke i regi av SiSPåmeldingKontakt arrangør

Karen Kyllesø fortel om turen til Sydpolen.

I desse dagar traskar Karen Kyllesø (21) mot sydpolen på ski. Går alt etter planen, blir ho den yngste på sjølve polpunktet nokon sinne.

@Friluftsjenta som ho kallar seg i sosiale medium, har brukt seks år på å førebu seg fysisk, praktisk og mentalt. Turen som blir kalla verdas lengste motbakke, er 1130 km lang og målet ligg 2800 meter over havet. Dess høgare ho kjem, dess kaldare og tøffare blir det.

Korleis turen gjekk, kan du høyre når Kyllesø kjem til biblioteket for å halde foredrag om det store polfarareventyret.

40.000 følgjer eventyret
@Friluftsjenta deler flittig frå eventyret.

Ho har 17.700 følgjarar på Instagram og rundt 23.000 følgjarar på TikTok.

Panelsamtale
Professor emeritus i moderne historie, Roald Berg, som har jobba mykje med norsk polfararhistorie, opnar arrangementet med miniforedraget “Fra Amundsen til Kyllesø”. Han blir også med i ein panelsamtale til slutt kor det og blir det høve for publikum å stille spørsmål.

Vil du følge med på korleis det går med Friluftjenta undervegs, kan du høyre talemeldingane ho legg ut via satelittelefon via denne lenka

Arrangementet er gratis og ope for alle. Ingen påmelding.