Universitetsbiblioteket, Campus Ullandhaug
Legg til i kalenderLegg til i Google Kalender
Gratis!
Bli med på eit klimavenleg eventyr.
Teresie Hommersand held foredrag om sin fire år lange sykkeltur.
Etter å ha budd seks år i Cape Town, ønskte Teresie Hommersand å koma seg heim til Noreg på ein klimavenleg måte. Løysinga vart ein fire år lang sykkeltur gjennom Afrika og Europa.
Turen vart eit eventyr fullt av kulturar, religionar, natur, språk, mange utfordringar – og mykje omsorg og kjærleik.
Å vere klimavenleg er slett ikkje keisamt, konkluderer Hommersand. No kjem ho til universitetsbiblioteket for å halde foredrag om turen og inspirere deg til å legge ut på ditt eige eventyr.