Hopp til hovedinnhold
TilbakeTilbake
TilbakeTilbake

Forskingsprosjektet Future Past, eit prosjekt om arkeologiske skjelett og gamle kyrkjegardar i Rogaland, inviterer til en mini-konferanse for å presentere dei foreløpige resultata. Dette er eit internasjonalt og tverrvitskapleg prosjekt som kombinerer naturvitskap og humaniora i forskinga på biologisk materiale frå arkeologiske utgravingar.

Fokus er på kva dette kan fortelje oss om livet i fortida, og korleis me best tar vare på det for framtidig forsking. Metodar frå biologi, kjemi og fysikk, geologi, rettsvitskap og miljøforsking, blir anvendt på prøvar av jord og skjelett for å forstå kva som påverkar bevaring, for å tidfeste og rekonstruere historia til individ og populasjonar, klima og landskap i fortida.

Sjå heile programmet og meld deg på her: The Future Past project conference | Universitetet i Stavanger

Les meir om Future Past her: Mellomalderliv før og etter døden | Universitetet i Stavanger

Merk! Konferansen er på engelsk.