Hopp til hovedinnhold
TilbakeTilbake
TilbakeTilbake

Lær å skrive tekstar som kjem på trykk og set dagsorden.¨

Har du ei meining du vil nå ut med? Ønskjer du å påverke samfunnsdebatten eller løfte fram eit tema som blir oversett? På dette kurset får du verktøya du treng for å skrive overtydande, engasjerande og gjennomslagskraftige kronikkar.

Kurset blir halde av arrangementsansvarleg ved biblioteket, David Sviland. Han har tidlegare jobba som debattjournalist for avisa Vårt Land.

Dette lærer du:
Kva skal kronikken handle om
Korleis du finn den gode vinklinga
Kva redaksjonane ser etter
Korleis du brukar fakta, språk og stil til å styrkje bodskapen
Kva skjer når kronikken er ute i verda
Kurset er todelt. Dei første 45 minutta får du eit foredrag. Den siste halvtimen tar vi ein runde på kva kvar enkelt deltakar kan tenke seg å skrive kronikk om.

Førebuingar: Ta med din kronikkide. Anna utstyr trengs ikkje.

Krev påmelding: Maks 15 personar. Meld deg på her: https://nettskjema.no/a/535441#/page/1

Kvar: Dataverkstedet, Kjølv Egelands hus. Kart: https://link.mazemap.com/bcyd5FOa