Hopp til hovedinnhold

Kor går grensa for kva ein skal ofre for eit barn? I sin ferske kritikarroste bok Uønska atferd viser Olaug Nilssen fram kor krevjande det er for ein familie å ta vare på alle når ein har eit barn som treng alt. Katrine er gift med Gunnar, saman har dei barna Jostein og Janne. Sonen er psykisk utviklingshemma, og familielivet er fullstendig dominert av omsorgsbehovet hans. Dottera er oversett, men også utsett då Jostein kjem i puberteten og utagerer seksuelt. I kampen for sonen er Katrine i ferd med å miste alt, ekteskapet, forholdet til dottera, men også seg sjølv. «Nilssen er et råskinn av en forfatter, en stor humorist, også når hun skriver tragedie [.], skriv Ingunn Økland i Aftenposten. Møt Olaug Nilssen i samtale med Brita Strand Rangnes.