lørdag 9. des. 17:00 – 19:00
Møteplassen, Sølvberget, Stavanger sentrum
Legg til i kalender Legg til i Google Kalender
Gratis!
Nobelprisane forklart for folk flest
PåmeldingKontakt arrangør
Kva prestasjonar ligg bak årets nobelprisar? Kva betyr innsatsen, teoriane, formidlinga og resultata for deg og meg? Forskarar frå Universitetet i Stavanger svarer når vi inviterer til Nobel-arrangement laurdag 9. desember.
Nobelprisane blir delt ut i Stockholm og Oslo på Alfred Nobels dødsdag sundag den 10. desember. Kvelden før inviterer vi til eit Nobel-arrangement på Møteplassen på Sølvberget i Stavanger. Her stiller seks dyktige fagekspertar frå UiS opp for å presentere prisvinnarane og forklare oppdagingane og bidraga som vert feira. Og det på ein måte som gjer at vi som ikkje har inngåande kunnskap om temaet, kan forstå.
Kvar paneldeltakar har 10 minutt på å gjere oss klokare på dei ulike prisvinnarane og prestasjonane deira. Journalist og programleiar Guttorm Andreasen er vert for kvelden.
Du vil denne kvelden få vite meir om banebrytande vaksineutvikling, kvinner i arbeidsmarknaden og ikkje minst vil du få meir kunnskap om bakgrunnen for at forfattaren Jon Fosse har vore aktuell kandidat til nobelprisen i litteratur sidan midten av 2000-talet. Kvelden vil også gje svar på kva som skjuler seg bak omgrep som attosekundfysikk og kvanteprikkar.
Nobelprisvinnarane 2023
Fysikk: Pierre Agostini (Tunisia), Ferenc Krausz (Ungarn) og Anne L’Huillier (Frankrike)
Kjemi: Louis Brus (USA), Alexei Ekimov (Russland) og Moungi Bawendi (Frankrike)
Fysiologi eller medisin: Katalin Karikó (Ungarn) og Drew Weissman (USA)
Fredsprisen: Narges Mohammadi (Iran)
Litteratur: Jon Fosse (Norge)
Nobels minnepris (økonomi): Claudia Goldin
Dei som skal presentere dei ulike prisane, er:
Fysikk: Olena Zavorotynska, førsteamanuensis i materialfysikk ved institutt for matematikk og fysikk ved UiS
Kjemi: Sachin Maruti Chavan, førsteamanuensis i bærekraftig kjemi ved institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi ved UiS
Medisin: Eduardo Alexandre Barros e Silva, førsteamanuensis i biologisk kjemi ved institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi ved UiS
Fredsprisen: Marianne Hafnor Bøe, professor i religionsvitenskap ved Institutt for kultur- og språkvitenskap ved UiS
Litteratur: Hadle Oftedal Andersen, professor i nordisk litteratur ved Institutt for kultur- og språkvitenskap ved UiS
Økonomi: Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim, prorektor for innovasjon og samfunn ved UiS
Arrangør, initiativ og idé: Mark van der Giezen, professor i biologisk kjemi ved institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi ved UiS – med støtte av Forskingsavdelinga ved UiS