Hopp til hovedinnhold

Forelsking, kjærleiksorg og overveldande kjensler er noko mange unge kan kjenne seg att i. Men kor mykje har eit ungt sinn endra seg på 250 år? Kan scenetekster bety noko for dagens ungdom på same måte som krafta i Goethes Unge Werthers lidelser - verdas mest berømte kjærleiksdrama og historias første ungdomsroman - gjorde i 1774?

Denne våren har fem skodespelarar frå ungdomsteateret tatt Werther og historia inn i 2023. Men av kven og korleis skal det lagast scenekunst og scenetekst for eit ungt publikum i dag? Kvifor skal me laga scenetekst for unge? Og treff teksten ungdom i dag på same måte som for 250 år sidan?

UiS og Rogaland Teater ønsker velkommen til ein samtale om teater og litteratur for ungdom. I panelet sit dramaturg Nina Godtlibsen, forfattar
Terje Torkildsen og diktar og regissør Maria Drangeid, som tidlegare har vore med i Barne- og ungdomsteateret. Samtalen vert leia av Balder Scheen, som òg har lang fartstid frå Barne- og ungdomsteatret.

Arrangementet er gratis, men hugs å booke ein billett via Rogaland Teater!

Nytt gjerne høvet til å sjå Unge Werthers lidelser kl. 19. (Billett til framsyninga må kjøpast separat).