Hopp til hovedinnhold

Velkomen til årets siste tirsdagsforedrag på Arkeologisk museum 24. oktober klokka 18:30, kor tema for foredraget er «Ei kvinne frå vikingtid reiser til Dublin. Utstillingssamarbeid mellom Arkeologisk museum og Dublinia».

I mai i år opna utstillinga «Viking women connecting Ireland and Norway» på historiesenteret Dublinia i Irland. Dublinia har lånt gjenstandar frå våre samlingar, fleire av desse er av irsk herkomst og har ikkje vore i Irland sidan dei vart frakta bort – på grunn av plyndring eller handel. Ei kvinnegrav frå Time i Rogaland dannar midtpunktet i utstillinga. Grava var utstilt i vår utstilling «Utferd», der kvinna i grava fekk namnet Niamh, som er eit irsk namn med djupe røter. Niamh er kjent frå irske myter om det mystiske landet ute i havet, Tir-na-nog. Kvinna fekk med seg eit irsk smykke i grava, og me spekulerer på kven ho var og kor ho kom frå.

Professor Kristin Armstong-Oma frå Arkeologisk museum vil fortelja meir om denne utstillinga og samarbeidet med Dublinia.

Det er gratis inngong for alle!

Velkomen!