Hopp til hovedinnhold
TilbakeTilbake
TilbakeTilbake

Tysdagsforedrag på Arkeologisk museum. Kva kan gravfunn frå kyrkjegardar i Rogaland fortelje oss om livet i fortida?

NB: Dette eventet er ikke i regi av SiSNB: Dette eventet er ikke i regi av SiSPåmeldingKontakt arrangør

Velkomen til eit nytt tysdagsforedrag på Arkeologisk museum, kor konservator Hege Hollund skal fortelja om spennande funn frå forskingsprosjektet hennar.

Restane etter fortidig liv, planter, dyr og menneske, er ofte ugjenkjennelege, brune og fragmenterte. Nokon gonger er det berre att ein flekk eller mikroskopiske spor i jorda. Desse beskjedne fragmenta fortel historiane til individ og populasjonar gjennom tida. Desverre er materialet skjørt og blir raskt brote ned og forureina. Kva faktorar påverkar bevaringa av slike leivningar, inkludert skjelett, protein, feittstoff og DNA? Korleis kan me på best måte ta vare på dette verdfulle men skjøre og nokre gonger usynlege arkivet over levd liv for framtidig forsking? Og kva kan dei fortelje oss om livet i fortida, trass fragmentering og forureining? Dette er kjernespørsmåla i Future Past-prosjektet (2021-2026), som inneber nye utgravingar ved domkyrkja i Stavanger samt nye analysar av gamle skjelettsamlingar frå gravplassar i Rogaland.

Kafeen er open, og har mykje freistande på menyen.

NB! Det gjennomførast ein gratis omvising i utstillinga kl. 18:00 – 18:15. Foredraget i auditoriet startar kl. 18:30.

Tysdagsforedraget er gratis for alle.

Velkomen!