Hopp til hovedinnhold
TilbakeTilbake
TilbakeTilbake

Litterært pusterom, også kjend som shared reading, er ein annleis lesesirkel. Her blir ei novelle og eit dikt (viss nok tid) lese i fellesskap, og så blir tankar og refleksjonar delt undervegs.

Som deltakar treng du ikkje å førebu deg, og du treng heller ikkje å ha nokre forkunnskapar. Teksten blir delt ut når du kjem, og det er bibliotekaren som kjem til å lese han høgt. Kva slags tekst som er dagens får du ikkje vite før du kjem.

Vil du berre høyre på utan å delta? Det går heilt fint! Vil du dele mange tankar? Det er også heilt fint! Her er alle velkomne.

Det er avgrensa med plassar, så hugs å melde deg på gjennom lenka.